Vestnes formannskap: Vender Molde sjukehus ryggen

Vestnes formannskap innstiller på at Vestnes skal ha Ålesund som lokalsjukehus i framtida. Eit fleirtal vil heller ikkje ha Molde som akuttsjukehus.

Frå avstemminga i formannskapet. Anne Marie Fiksdal (nærmast) og Geir Inge Lien vil kutte banda til Molde sjukehus, medan Karsten Gjerde (KrF) og Randi Bergundhaugen (H) vil ha både Molde og Ålesund som akuttsjukehus for pasientar frå Vestnes.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

Vedtaket om å skifte lokalsjukehus var samrøystes. Administrasjonssjef Kristian Skålhavn hadde lagt fram to alternativ: Å halde fram som i dag med Molde som lokalsjukehus eller gå over til Ålesund. I debatten var det mange innlegg for å gå over til Ålesund, blant andre frå ordførar Geir Inge Lien.