Ny ungdomsskule til 170 millionar

Vestnes formannskap godkjente måndag skisseprosjektet til ny ungdomsskule på Vestnes. Prislappen er på 170 millionar kroner, planlagt innflytting hausten 2023.

SKISSEPROSJEKT: Den nye ungdomsskulen sett frå søraust. Vestnehallen bak og Helland barneskule til høgre.  Foto: Anne Lise Ramstad Urke, ART

Nyheter

Den nye ungdomsskulen blir bygd i tilknytning til Helland skule, men skal ha eigen administrasjon.. Byggestart er planlagt i januar 2022, anbudet skal ut til hausten, opplyser kommunalsjef for oppvekst, Knut Øyvind Hoem til Romsdals Budstikke.