Etterlyser løysing for mjuke trafikantar - men vegen fram kan vere lang

Midsund-brua bør snarast få gang- og sykkelveg, meiner politikar frå Midsund. Ordførar Dahl er ikkje optimist.

Manglar gangveg: Folk i Midsund saknar tiltak for å trygge mjuke trafikantar på Midsund-brua.  Foto: Anita Vingen

Nyheter

– Manglande gang- og sykkelveg over Midsund-brua har vore på sakskartet i mange år, men utan framdrift. Kva er status, og kan vi få denne saka på sporet igjen, spurde Arnstein Misund (KrF) i spørrehalvtimen i kommunestyret torsdag.