Kva skal vere lokalsjukehus for Vestnes – Molde eller Ålesund?

Skal Vestnes framleis ha Molde som lokalsjukehus, eller skal kommunen søke Helse Midt-Norge om overgang til Ålesund?

BRUKER BEGGE SJUKEHUSA I DAG: Når det gjeld dagbehandling, skjer 51 prosent av dette i Molde for pasientar frå Vestnes, 49 prosent i Ålesund.  Foto: Øystein Bjerkeland

Nyheter

Dette spørsmålet står på sakskartet til Vestnes formannskap førstkommande måndag. Bakgrunnen for saka er eit spørsmål som Vestnes Senterparti tok opp i 2018, der dei vil ha utgreidd framtidig tilknytning til sjukehus for folk frå Vestnes.