Helse Møre og Romsdal innførte fleire strakstiltak søndag som følge av det britiske mutant-viruset som no sprer seg i Follo-regionen. Tiltaka gjeld tilsette og studentar i føretaket som har vore på besøk i eller hatt besøk frå desse kommunane: Nordre Follo, Oslo, Enebakk, Ås, Vestby, Nesodden, Indre Østfold, Moss, Frogn og Våler.
Dette gjeld tilsette
Føretaket pålegg tilsette karantene i ti dagar om dei har vore på reise i eller hatt besøk frå dei aktuelle kommunane denne helga. Helga reknast frå og med fredag klokken 01.00.
Føretaket oppmodar også desse tilsette til å teste seg på dag fem for å lette eventuell smittesporing. Men resultatet av testen har ingen innverknad på karantenetida, som uansett er 10 dagar, skriv føretaket.
Dei som har vore på reise eller hatt besøk frå dei aktuelle kommunane dei siste ti dagane, før 22. januar, skal teste seg og få resultatet før dei kjem på jobb.
Ved negativ test skal dei gå på jobb og bruke munnbind. Ny test skal gjerast sju dagar etter heimkomst. Ved negativ test etter 7 dager, kan ein stoppe bruk av munnbind.
Dette gjeld studentar
Studenter og praksisstudenter som har vore i dei aktuelle kommunane eller hatt besøk derifrå dei siste ti dagane, skal ikkje møte på sjukehusa eller på andre institusjoner i helseføretaket før det har gått 10 dager etter tilbakekomst til fylket. Studentane skal elles følge reglane for tilsette, skriv føretaket i meldinga.
Tiltaka gjeld til ny informasjon vert gitt.