Seier nei til friskular i Fiksdal og Tresfjord

Begge bygdene vil anke avslag frå Utdanningsdirektoratet.

Eitt år ekstra: Fiksdal skule vart berga i eitt år til.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

I både Fiksdal og Tresfjord er skulane truga av nedlegging. Bygdefolket har derfor etablert selskap som har søkt om å få drive skular i privat regi, såkalla friskular. No har svaret komme frå Utdanningsdirektoratet. Det vart avslag, melder Bygdebladet (krev abonnement).

I avslaget viser direktoratet til friskolelova der det mellom står at ein skule ikkje skal få godkjenning dersom etableringa vil medføre konsekvensar for det offentlege skuletilbodet.