Utdrag frå boka:

Jenny og den fortærande kløtsjen  

Litt surrete? Jenny Klinge er ute med boka Dønn distré.  Foto: Privat

Nyheter

«Då eg i 2009 kjøpte meg heilt ny bil for første gong, gjekk eg for ein lekker perlekvit Toyota Prius. Miljøvenleg hybrid,med automatgir. Eg hadde vorestolt over at eg var god til å køyre bil sidan eg mangeår tidlegaretok lappen same dag som eg fylte18 år. Det eg var god til, var å køyre girbil, vel å merke. Eg hadde aldri prøvd automatgir. Eg testa Priusen på ein liten tur før eg kjøpte han. Det var ikkje lett, ikkje på nokon måte. Venstrefoten min berre VILLE borti den kløtsjen som ikkje lenger var der. Bilseljaren forstod problemet og tipsa meg om at det kunne vera lurt å ta av venstreskoen i starten når ein køyrte automatgir. Eg tenkte at det fekk jo vera måte på.