Seks nye smittetilfelle i Vestnes

Fem arbeidarar og ein fastbuande i innreisekarantene testa positivt på covid-19 i Vestnes kommune. I tillegg er ein test registrert som usikker positiv.

Fem nye arbeidarar har testa positivt i Vestnes. Alle sit i isolasjon på Trohaugen.  Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

Det melder Vestnes kommune på si heimeside.

Ein fastbuande i Vestnes testa positivt på covid-19 etter innreise innan 24 timar til Noreg.

– Personen har vore i karantene og er no sett i isolasjon. Nærkontaktar sit allereie i karantene. Han har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timer før ankomst Noreg, skriv kommunen.

VARD sine testresultat, som blei tilgjengeleg i løpet av søndag, viser at fem personar har testa positivt og ein usikker test på covid-19.

– Alle har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen. Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Noreg. Denne dokumentasjonen blir framvist i grensekontrollen, samt ved innsjekk på VARD sine brakkeriggar, skriv kommunen.