Nytt smittetilfelle i Vestnes

Hadde dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet.
Nyheter

Ein arbeidar i innreisekarantene ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen har testa positivt på covid-19.

Det melder Vestnes kommune på sine heimesider søndag.

Personen har vore i karantene på Trohaugen sidan ankomst, og er overflytta til isolasjon. Alle nærkontaktar har vore i karantene sidan ankomst.

- Personen har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst Norge, opplyser kommunen.

Smittetilfella som gjeld Vard blir offisielt registrert på Ålesund kommune sin statistikk, men handtert av Vard og Vestnes kommune. Tilfella blir likevel registrert i Vestnes kommune sin interne statistikk.