Sju nye arbeidarar har testa positivt

Fire arbeidarar i innreisekarantene ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen og tre i PCS testa positivt på covid-19.

BRAKKERIGG: Arbeidarane bur på brakkeriggen på Trohaugen. Foto: Olav Skjegstad  Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

– Det vart i går kveld påvist korona hos fire tilreisande arbeidarar som er i karantene ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen i Tomrefjord.I tillegg har tre tilreisande arbeidarar som er i innreisekarantene i PCS i dag testa positivt ved testing på flyplass, skriv Vestnes kommune i ei pressmelding torsdag ettermiddag.

– Smittesporinga er gjennomført og alle sit no i isolasjon ved Vard sin brakkerigg på Trohaugen, og nærkontaktane sit i karantene. Alle har dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet inntil 72 timar før ankomst Noreg, heiter det vidare.


Seks verftsarbeidarar har testa positivt

Vard melder at seks arbeidarar i innreisekarantene har testa positivt på covid-19.


Onsdag meldte kommunen om at seks arbeidarar som skulle til Vard testa positivt ved ankomst , fire av dei på Trohaugen og to i Brattvåg.