Førjulsgåve til kreftramma i Aukra

Dei har kjempa i to år for å få på plass ein kreftkoordinator i Aukra. Torsdag kom julegåva frå kommunestyret til kreftramma i Aukra – det blir oppretta ei 50% stilling som kreftkoordinator i kommunen. – Vi er letta og glad, seier dei to initiativtakarane Torill Paoli og Lone Roald.

– Letta og glad: Lone Roald (til v.) og Torill Paoli har vore pådrivarar for å få etablert ein kreftkoordinator i Aukra kommune. Torsdag fekk dei lønn for strevet: Eit einstemmig kommunestyre vedtok å opprette ei 50% stilling som kreftkoordinator i Aukra kommune. – Vi er letta og glad, sa dei to ildsjelene til RB. Arkivfoto  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

AUKRA: To år med utallige e-postar og brev til adminstrasjonen og politikarane i Aukra kommune ga torsdag resultat. Kommunestyret vedtok på siste møte i 2020 einstemmig å opprette ei 50% stilling som kreftkoordinator i Aukra kommune.