Det melder Vestnes kommune på sine nettsider. Den smitta er ein tilreisande gjestearbeidar i Vard som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen. Personen har dokumentasjon på negativ test før avreise frå heimlandet.
I samsvar med Vard sine interne prosedyrer ble gjestearbiederen testa på nytt av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Resultatet av denne testen viste at personen no var covid positiv . Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Han er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.
Smittesporing er gjennomført.
Den smitta personen har ikkje vore i butikkar eller vore i kontakt med lokalbefolkninga.