I gang med restaurering av Storlihytta

Torsdag starta dugnadsgjengen med rivearbeid – neste haust skal gamle Storlihytta stå klar i nypussa versjon.

Gamle Storlihytta: Etter planen skal den gamle hytta står ferdig restaurert til hausten.   Foto: Arnstein Salthammer Eide, DNT Romsdal

Nyheter

– No er vi i gang! Vi er opptatt av at dette skal gå unna så hytta ikkje blir ståande som ei spøkelseshytte. Det seier Maria Holo Leikarnes, dagleg leiar i DNT Romsdal, og viser til at arbeidet med å ruste opp gamle Storlihytta starta torsdag.