Derfor valde Johnsen henne som si høgre hand i sjukehusleiinga

Når Georg Johnsen startar som klinikksjef for sjukehusa i Molde og Kristiansund tirsdag, får han med seg Carina Wollan Myhre i Kristiansund som assisterande klinikksjef i Klinikk SNR.

LEIARDUO: Carina W. Myhre og Georg Johnsen på Kristiansund sjukehus torsdag. Fredag blei det kjent at Johnsen har valt Myhre som assisterande klinikksjef SNR.   Foto: Helse Møre og Romsdal

Nyheter

Tirsdag denne veka blei det kjent at Georg Johnsen er tilsett som Klinikksjef SNR (Sjukehuset Nordmøre og Romsdal). Han byrjar i jobben tirsdag 1. desember.


Han blir sjef for sjukehusa i Molde og Kristiansund

- Eg er veldig stolt og gler meg til å ta fatt på denne jobben, seier Georg Johnsen. Han startar i jobben tirsdag neste veke, 1. desember.


No får han med seg Carina Wollan Myhre som si høgre hand i klinikkleiinga. Ho er i dag avdelingsjef i Klinikk Kristiansund, men blir konstituert som assisterande klinikksjef i Klinikk SNR, skriv helseføretaket på sine nettsider.

– Eg er opptatt av å ta vare på fagmiljøa både i Molde og Kristiansund. For å lukkast med SNR er vi gjensidig avhengig av å få til eit robust og godt tilbod til pasientane i akuttsjukehuset på Hjelset og i SNR Kristiansund, seier Wollan Myhre til helse-mr.no

– Viktig å komme vidare

Ho legg til at sjukehussaka i Nordmøre og Romsdal har vore vanskeleg og har prega regionen i mange år.

– For meg er det viktig at vi kjem oss vidare og utvikler pasienttilbodet saman. Eg gler meg til å bli betre kjent med dei tilsette ved Molde sjukehus, og er sikker på at eg og Georg kjem til å få eit godt samarbeid, seiar Wollan Myhre.


Ho byrja ved sjukehuset i Kristiansund i 1998, og har sidan den tid hatt fleire leiarstillingar i helseføretaket. I tillegg var ho personalleiar i Enhet for sykehjem i Kristiansund kommune i eitt år.

Wollan Myhre er utdanna sjukepleiar, har vidareutdanning i diabetessjukepleie og går no på det nasjonale toppleiarprogrammet.

Glad ho tek rolla

Georg Johnsen, som i nokre dagar til er klinikksjef Molde sjukehus, seier han er «veldig glad for at Carina tar på seg denne rolla».

– Ho kjenner Kristiansund sjukehus veldig godt, det er viktig for meg. Ho har lang erfaring, ikkje berre frå sjukehusdrift, men også når det gjeld samhandling med kommunene. Samtidig er ho tydeleg, open og seier det ho meiner. Det er kvalitetar eg set høg, seier Johnsen.


[TETT PÅ]

Sjef i koronaens tid

Livet kunne brått sluttet for Georg Johnsen da snøskredet nær tok ham. Nå er finnmarkingen nøkkelperson i Romsdal i kampen mot den største faren i landet etter krigen.