Han blir sjef for sjukehusa i Molde og Kristiansund

- Eg er veldig stolt og gler meg til å ta fatt på denne jobben, seier Georg Johnsen. Han startar i jobben tirsdag neste veke, 1. desember.

SNR-SJEFEN: Georg Johnsen er klinikksjef Molde sjukehus ut denne veka og ein dag til. Men frå tirsdag 1. desember er han klinikksjef for både Molde og Kristiansund, og etter kvart for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal i Molde og Kristiansund.   Foto: Kjell Langmyren

Nyheter

Johnsen kjem opprinneleg frå Hammerfest, men flytta til Molde i 2008 og har jobba i Helse Møre og Romsdal sidan. Han er utdanna anestesilege, tok gruppe 1 på St. Olavs hospital og har sidan 2017 hatt ulike leiarstillingar i helseføretaket, skriv helseføretaket på sine nettsider.


[TETT PÅ]

Sjef i koronaens tid

Livet kunne brått sluttet for Georg Johnsen da snøskredet nær tok ham. Nå er finnmarkingen nøkkelperson i Romsdal i kampen mot den største faren i landet etter krigen.


- Eg er stolt over å ha fått denne spennande og utfordrande jobben og gler meg til å ta fatt på den. Eg kjenner Molde sjukehus godt, og no skal eg bruke tida framover på å bli godt kjent med dei tilsette på Kristiansund sjukehus, seier Johnsen.

Sjølv om han i utgangspunktet skal vere like mykje på begge sjukehusa, vil han i tida framover prioritere å vere meir i Kristiansund, seier han.

Mykje historie

- Det er mykje historie mellom Kristiansund og Molde. No gler eg meg til å sjå framover og til å skape eit robust og godt fagmiljø i Nordmøre og Romsdal. Denne prosessen vil starte umiddelbart.

Han ser fram til spennande faglege diskusjoner framover.

- Som person er eg open, tydeleg og direkte. For å lukkast er vi avhengig av tillit og respekt for kvarandre. Eg vil bruke tid på å gjere meg fortent til, og bygge opp, denne tilliten i alle fagmiljø, seier Johnsen i nyheitsmeldinga.

Adm. dir Øyvind Bakke er svært tilfreds med tilsettinga av Johnsen som klinikksjef for SNR.

- Med Georg får Helse Møre og Romsdal ein leiar med sterk fagleg profil som er oppteken av føretaksperspektivet og motivert for å vidareutvikle fagmiljøa i Nordmøre og Romsdal.

Bakke peiker på at Johnsen tidlegare var avdelingssjef for anestesilegane ved alle dei fire sjukehusa i fylket, og at han var føretakstillitsvald for Yngre legers forening.

- Under tida som Klinikksjef i Molde har Georg bidratt til gode diskusjonar i leiargruppa, vist gode samarbeidsevner og gjennomføringskraft. Eg ser fram til vidare samarbeid med Georg, seier Bakke.

Konstituert klinikksjef i Klinikk Kristiansund, Åge Austheim, går tilbake til å jobbe heiltid som kardiolog frå 1. desember. Han søkte ikkje på stillinga.

Det var seks søkarar til stillinga som Klinikksjef SNR, og det blei gjennomført intervju av tre av kandidatane.


Fem vil bli klinikksjef

Helse M&R offentliggjør søkerlista for klinikksjef for Klinikk for kirurgi.


- To gode interne kandidatar

Tilsettingsutvalet skriv dette etter avgjerda:

"Tilsettingsutvalet er einig om at vi hadde to gode interne kandidater å velge mellom til klinikksjefstillinga. Begge kandidatane sjåast på som leiartalent i føretaket.

I Nordmøre og Romsdal har vi eit viktig arbeid som ligg føre oss med å foreine fagmiljøa og utvikle organisasjonen fram til SNR står ferdig 1.5.2024. Tilsettingsutvalet meiner Johnsen er den riktige kandidaten for dette arbeidet."

Og:

"Hans kjennskap til organisasjonen, faglege tyngde og evne til å ta beslutningar samt vise gjennomføringskraft var faktorar som var utslagsgivande for at valet falt på Johnsen."

Med i tilsettingsutvalet var Trude Solenes (avdelingssjef Klinikk Molde) , Øystein Lian (avdelingssjef klinikk Kristiansund), Anette Lekve (føretakstillitsvald NSF) og Igor Jokic (føretakstillitsvald Dnlf).