– Ingen tilbaud seg å hjelpe

Tre unge menn vart tatt av ei bølge og skylt på havet ved Atlanterhavsvegen søndag. No seier dei at ingen ville hjelpe etter at dei våte og iskalde hadde krabba i land.

Tre personer tatt av bølge ved Atlanterhavsvegen

Nyheter

Eit videoopptak av hendinga gjekk landet rundt i helga (du kan sjå opptaket i vindauget over). No har NRK snakka med mennene som hamna i sjøen.


Tatt av bølge ved Atlanterhavsvegen – se den dramatiske videoen

Søndag ville Trine Bjermeland Robertsen og samboeren fotografere uværet på Atlanterhavsvegen. De ble vitne til en dramatisk situasjon.


Dei tre vart forslått, men kom seg i land ved eiga hjelp. Då ville ikkje bilen starte. Dei banka på vindauge til bilar som sto parkert, men fekk ikkje hjelp.

– Skuffande

– Vi synest det er veldig skuffande, uansett kor dumme vi var. Når du ser tre gutar som skjelv og kler av seg midt på vegen, så er det rart at ingen seier noko eller spør, seier éin av dei til NRK.

Dei vil ikkje stå fram med namn.

– Hadde ikkje rukke å hjelpe

Eit opptak vart delt på Facebook og fleire media skreiv om hendinga. I kommentarfelta får dei unge mennene gjennomgå, men det blir også stilt spørsmål om kvifor dei som filma ikkje gjorde meir.

– Vi hadde ikkje rukke å hjelpe dei, vi stod for langt unna. Men vi burde kanskje køyrt bort til parkeringsplassen deira og spurt, vi visste ikkje at dei trengde hjelp, seier ho som gjorde opptaket til NRK.

Ho legg til at sambuaren sat klar for å ringe 113 om nødvendig.