Fire tilsette og ein studentar i karantene ved sjukehusa

Ein tilsett ved Molde sjukehus, tre tilsette og ein student ved Ålesund sjukehus er satt i karantene etter å ha hatt nærkontakt med koronasmitta pasient og pårørande.
Nyheter

Torsdag 19. meldte Molde kommune om eit nytt stort smitteutbrot i kommunen. Blant dei smitta var ein pårørande til eit barn som nyleg har vore innlagd ved Ålesund sjukehus og som har vore til poliklinisk behandling ved Molde sjukehus.

– Den smitta pårørande har følgt barnet til behandling ved sjukehusa og vi har derfor gjennomført smittesporing for å få oversikt over nærkontaktar til den koronasmitta. Basert på gjennomgangen har vi valt å setje fire av våre tilsette og ein student i karantene, seier Janita Skogeng, konstituert klinikksjef for kvinner, barn og ungdom.

Føretaket har ikkje avdekt at andre pasientar ved sjukehusa har vore i nærkontakt med dei smitta pårørande, men føretaket vil ta kontakt og informere til pasientar og pårørande som har vore i same lokale som den smitta.

Barnepoliklinikken ved Molde sjukehus vil ha redusert drift i veke 48 og barn som har time til behandling i Molde vil bli kontakta.