Stor trafikk på Aursjøvegen i sommar

– Samla har vi registert ein stad mellom 16000 og 17000 passeringar ved bommane på sunndalssida og på Finnset i sommar. Det er rundt 2000 fleire passeringar enn i fjor, seier styreformann Terje Erstad i Aursjøvegen AS.

Populær veg: Ein stad mellom 16000 og 17000 bilar har passert bommane på Aursjøvegn i sommar. Her frå Finnset.   Foto: Sigmund Tjelle

Nyheter

(Driva) Erstad seier vegen har tålt trafikken godt i sommar. Han meiner det skuldast moderate nedbørsmengder. Det gir langt færre hol i vegen enn i sesongar med veldig mykje regn.