Vikomar AS held fram storsatsinga i Harøysund: 

Ny filetfabrikk vil gi 30-40 arbeidsplassar 

Med omsetningsrekord, stort fryselager snart fullført og filetfabrikk nummer to på trappene, vil koronaåret 2020 bli eit merkeår for Vikomar AS. 

Nytt fryselager: Dagleg leiar Kristofer Reiten ved Vikomar AS konstaterer at det store fryselageret (i bakgrunnen) langt på veg har kome opp.   Foto: Oddbjørn Harnes

Nyheter

Harøysund: Dagleg leiar Kristofer Reiten opplyser til Romsdals Budstikke at omsetninga alt i oktober passerte rekorden frå i fjor på 532 millionar kroner. Innan årsskiftet ventar han at dei skal ha nådd 700 millionar.