Aukra kommune med masse-vaksinering mot influensa i Aukrahallen

Vaksinerer mot influensa på løpende band

– På to dagar har vi vaksinert 360 personar i risikogruppene og ser at vaksinering i Aukrahallen fungerer veldig fint. Vi kunne faktisk tatt inn enda fleire, seier leiande helsesjukepleiar Camilla Hjellset Orø i Aukra kommune.

IKKJE SISTE STIKK: Så langt har 360 aukraværingar i risikogruppene fått influensavaksine under årets vaksinering i Aukrahallen. Her er det Mariann Knutsen som får årets stikk av helsesøster Heidi Magerøy Hoksnes, medan leiande helsesjukepleiar Camilla Hjellset Orø bistår. – Erfaringane med å bruke Aukrahallen er svært positive, meinte ho.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

Det er yrande liv inn og ut av Aukrahallen når kommunen inviterer til årets influensavaksine. Fornøgde ny-vaksinerte passerer med god klaring nye pasientar ved registreringspunktet i inngangen til den store idrettshallen, der desinfeksjonsflaskene står klar saman med namnelistene for påmelde.