Asbjørn planla husbygging – så fekk han ein fiks idé

Øvst i Dalelia ligg tomta byggeklar. Asbjørn Strand reiser bustadhus for familien sin. Men ikkje berre det. Midt i husprosessen fekk han ein idé som han trur kan bli god butikk.

Steingründar: Asbjørn Strand har starta selskapet Hustadvika steinindustri AS, som skal omsette mur- og hagestein av larvikitt. Han byggjer hus for familien sin i Dalelia i Elnesvågen og vil samtidig bruke tomta som visningsstad.   Foto: Oddbjørn Harnes

Nyheter

Eideguten frå Øyen er 32 år og oppvaksen i ein steinhoggarfamilie. Far Egil driv Møre Gravmonumenter AS på Eide, starta av Asbjørn Strand. Det er alt bestemt at tredje generasjon Asbjørn skal ta over og drive firmaet vidare når den tid kjem. Steinproduksjon kan han omtrent alt om etter ein oppvekst i steinmiljøet. Han er i full stilling i familiebedrifta, som har fem tilsette. Der styrer han produksjonen, står for innkjøp, driv med skjering og hogging, og køyrer ut ferdig vare.