Direktøren i helseføretaket vil ha fleire tilbod til SNR Kristiansund

Dei nye tilboda som blir etablert i Kristiansund kjem i tillegg til tilbodet ved akuttsjukehuset på Hjelset og ikkje i staden for.

Direktør: Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal.  Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

Administrerende direktør Øyvind Bakke meiner dei nye tilboda ved SNR Kristiansund er godt egna for desentralisering og rettar seg mot relativt store pasientgrupper. Det utvida somatiske tilbodet vil også i mindre grad utløyse behov for areal, utstyr og ombyggingar. Den økonomiske investeringsramma knytt til SNR Kristiansund, som ein del at det totale SNR-prosjektet ligg fast.