Lone Roald (til v.) og Torill Paoli har begge kjent krefta på kroppen. No kjempar dei for at Aukra skal få sin eigen kreftkoordinator. – Vi bor i ein utkant, og mange blir råka når krefta slår til – ikkje berre pasientar, men også dei mange pårørande, seier dei. Foto: Gunn E. Aarønes

– Krefta spør ikkje etter alder, så sjekk deg!

– Når du får kreftdiagnosen så føles det som å ha eine foten i grava – alt går i svart! Lone Roald på Gossen blei operert for brystkreft for to og eit halvt år sidan. No kjempar ho med etterverknadene, og for å få ein kreftkoordinator på plass i Aukra som kan bistå kreftpasientar og pårørande. Men først skal ho gå Rosa Sløyfe-løp – i sandalar!