Målfrid Varhaugvik Starheim er framleis med på tur, sjølv om ho gikk bort for fem år sidan av brystkreft. Familie og venner, alle personlig og sterkt berørt av Målfrid sin bortgang, stilte fulltallig opp på Rosa Sløyfe Løype i Aukraskogen søndag. Bak frå v. Sølve Starheim, Ingeborg Gaupset, Kåre Villanger, Per-Arne Varhaugvik, Bjørg Stavik, Sylvia Borgundvåg, Ian Maber, Anette Starheim, Bente Stavik Varhaugvik og Ragnhild Sandøy med Johanna ( til v.) og Karoline Hovind i vogn. Framme frå v. Isak Ilestad Villanger, Jorunn Varhaugvik, Linnea Starheim, Anne-Merete Stavik Varhaugvik, Cathrine Tangen og Emilian Villanger på sykkel. Foto: Gunn E. Aarønes

– Eg saknar Målfrid kvar dag!

Jorunn Varhaugvik mista søstra si Målfrid Varhaugvik Starheim til brystkreft i 2015. Målfrid rakk ikkje å feire 28-årsdagen sin. – Eg tenkjer på Målfrid kvar dag. Vi var tett på sjukdommen heile vegen, og tenkte heile tida at det skulle gå bra - heilt til siste slutt, seier ho.