Tek over etter rekordsommar

June Vestavik tek over som dagleg leiar ved NAF Camp Molde. Kåre Eide takkar av på topp – sommaren 2020 slo alle rekordar.

Ny dagleg leiar: June Vestavik tek over som dagleg leiar ved NAF Camp Molde etter Kåre Eide.  Foto: Anita Vingen

Nyheter

– Eg gler meg veldig, denne jobben hadde eg verkeleg lyst på, seier June Vestavik. Ho tek no over deltidsstillinga som dagleg leiar ved NAF Camp Molde sitt kontor på Kviltorp Camping, etter Kåre Eide.