– Eit under at eg overlevde

To brot i nakken, prolaps og kraftig forslått. Forrige helgs sykkeltur fekk ein brå og brutal slutt for eidsvågingen Ronny Morewood (43).

Glad det går bra: – Eg er så glad for det ser ut til å gå bra med Ronny, seier kona Linda. Kameraten Viggo Kvernberg til høgre.   Foto: Sigmund Tjelle / Driva

Nyheter

(Driva.no) Familien hadde nettopp avslutta konfirmasjonsselskapet for dottera Amalie da pappa Ronny bestemte seg for å skifte ut findressen med treningsklede. Han har i mange år vore ein ivrig syklist, og har lagt bak seg rundt 5000 kilometer på sykkelsetet så langt i år.