Giftfritt Molde

– Saka er nok ikkje over

Giftfritt Molde er glad for stopp for nasjonalt deponi på Raudsand, men reknar med etterspel for dagdeponia.

RAUDSAND: Lodve Solholm.  Foto: Bjørn Brunvoll

Nyheter

– Det beste hadde vore om vedtaket frå formannskapet hadde stått seg også i kommunestyret. Men det er uansett gledeleg at det no vert sett stopp for nasjonalt deponi for farleg avfall på Raudsand, med store hallar i fjellet. Det er jo det vi heile tida har jobba mot. Det seier Lodve Solholm, styreleiar for Giftfritt Molde, etter vedtaket i kommunestyret torsdag.