Satsar med hud og hår i Julsundet

Fem gründerar under samme tak tilbyr helse- og velvære for Fastlands-Aukra

Fem har blitt til ein og frå 19. september kan folk på fastlands-Aukra få full overhaling frå topp til tå i det nye velvære-senteret Bikuben på Julsundet Torg. – Vi gler oss til å gi gode tilbud innen helse og velvære både på Julsundet og Gossen, seier ein av gründerane, Merete Mikkelsen.

Gler seg: Om ei veke er denne gjengen med velvære-ekspertar klare til å ta imot nye kundar ved det nye helse- og velværesenteret på Julsundet Torg. Frå v.: Cathrine Tangen, Solfrid Kristiansen, Merete Mikkelsen ( i stolen) Anette Starheim og Christine Rynningen.  Foto: Gunn Aarønes

Nyheter

Aukra: Når helse- og velværesamarbeidet Bikuben åpnar 19. september på Julsundet Torg kan også folk på Fastlands-Aukra og omegn få full overhaling frå topp til tå. Her vil ein kunne få stelt dei fleste kroppsdeler, frå hår og kropp til hud, hender og føtter, alt samla under eitt tak.