Samarbeid mellom kommunen og Vestnes Næringsforum, lanserer iVestnes

Ny nettportal om Vestnes

iVestnes er namnet på ei ny nettside som vart opna tysdag. Den skal orientere om det meste Vestnes har å tilby. Målgruppa er både folk som vurderer å busette seg i kommunen og dei som alt bur her.

Står på for Vestnes: Biblioteksjef Vigdis Ødegård, leiar i Vestnes Næringsforum Eva Langstein og Karianne Bergset Austnes, leiar av Frivilligsentralen, med bilde frå den nye nettportalen iVestnes i bakgrunnen.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

Bak ivestnes.no står Vestnes kommune og Vestnes Næringsforum. Her finn vi aktuell informasjon om arbeidsliv med oversikt over alle bedrifter i Vestnes. Det er også brei informasjon om lag og organisasjonar, aktivitetskalender og anna nyttig informasjon. Kvar bygd blir presentert gjennom tekst og bilde. I tillegg er det videointervju med folk som er busett ulike stader i kommunen der dei fortel kvifor dei valde slik dei gjorde.