Ordførarane i Møre og Romsdal står samla bak brev til Helse Midt:

– Svært urolege for at prosessen blir rigga og tilpassa til gunst for St. Olavs hospital

Ordførarane i Møre og Romsdal står samla bak eit krast brev til styret for Helse Midt-Norge, med kopi til helseministeren og statsminister Erna Solberg.

27 ordførarar:  Helse Midt-Norge har ansvar for å sørge for likeverdige helsetenester i heile regionen. Då må pengane fordelast på ein rett og rettferdig måte, seier Eva Vinje Aurdal (Ap), ordførar i Ålesund. Samtlege ordførarar i Møre og Romsdal har signert brevet til Helse Midt.  Foto: STAALE WATTØ

Nyheter

(Smp) Brevet, som er underteikna alle ordførarar i Møre og Romsdal, gjeld finansieringssystemet i Helse Midt-Norge. Altså korleis Helse Midt-Norge fordelar pengar mellom St. Olavs hospital, Helse Møre og Romsdal og Helse Nord-Trøndelag.