Barneskuleelevane frå Tresfjord til Vestnes, bussing både for store og små

Ungdomsskulen til Tresfjord

Store endringar for grunnskulen i Vestnes dette året Ungdomsskulen på Helland blir flytta til Tresfjord, dei 24 elevane på barnetrinnet i Tresfjord blir skyssa til Helland.

Nytt liv i Tresfjord skule: Her skal ungdomsskulen i Vestnes halde til dei neste par åra medan det blir bygd ny skule på Vestnes.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

TRESFJORD: Bakgrunnen for dette er at det skal byggast ny ungdomsskule på Helland. Medan dette går føre seg, er ungdomsskulen på Vestnes flytta til Tresfjord. Å få ferdig ny ungdomsskule på Vestnes er planlagt å ta eit par år.