Alvorleg skadd i MC-ulykke: – Skjente brått av vegen og ut i grøfta

Ein mann i 40-åra frå Ålesund blei hardt skadd i ei MC-ulykke ved Vistdalsheia laurdag. Tilstanden var laurdag kveld alvorleg, men stabil.

Motorsykkelulykka ved Vistdalsheia var svært alvorleg. MC-føraren er frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim med livstruande skadar.   Foto: Ottar Rydjord

Nyheter

Det var laurdag litt etter kl. 13 at politiet melde om ei trafikkulykke på fylkesveg 660 mellom Vistdalsheia og Eresfjorden i Molde kommune. Alle naudetatane rykka ut til staden.

Romsdals Budstikke var på ulykkesstaden og fekk opplyst at ein motorsykkelførar fekk livstruande skadar, og blei frakta til St. Olavs Hospital med luftambulanse. Mannen, som er i 40-åra, er frå Ålesund, og var i eit følgje med fleire andre motorsyklistar.

Føraren fekk behandling på staden før han blei frakta til sjukehus, skreiv politiet på Twitter.

Kl. 16.15 fortalde operasjonsleiar Tove Anita Asp til Rbnett at politipatruljen framleis var på staden saman med ulykkesgruppa i Statens vegvesen.

– Dei held fram med etterforskning ei stund framover. Eg reknar med at dei har snakka med dei andre i turfølgjet i arbeidet med å finne ut av kva som skjedde, seier ho.

Vegen blei stengt i begge retningar, men opna igjen etter ein og ein halv time.

– Skjente brått av vegen

Seinare laurdag ettermiddag melde St. Olavs Hospital at tiltstanden for MC-føraren var alvorleg, men stabil. Han får behandling på intensiv avdeling.

Operasjonsleiar Tove Anita Asp sa til Rbnett laurdag kveld at ulykkesgruppa til Statens vegvesen har gjort fleire tekniske undersøkingar, utan at dei har fått svar på alt.

– Mannen var i eit følgje på åtte motorsyklistar der han køyrde omtrent midt blant dei. Plutseleg har han skjena ut og havna i grøfta, utan at dei andre i følgjet oppfatta nokon grunn til det, seier Asp.

Føraren, som får behandling på intensiven på St. Olavs, har ikkje vore kontaktbar for politiet etter ulykka. Politiet har dermed ikkje hans versjon av kva som skjedde.