Familien følgde deler av Odmar Nygårds fluktrute frå Bjorli til Midsund frå våren 1940:

På sporet av bestefars dramatiske fluktrute

Våren 1940 vart Odmar Nygård sendt i krigen, og hamna på rømmen i fjellet – no har etterkommarar tatt turen i fotefara hans.

Bratt: Utsikt over Eikesdalen. Bildet er tatt øvst i Finsetlia, der Odmar Nygård og dei to kameratane kom ned for 80 år sidan.   Foto: Privat

Nyheter

– I familien har vi ei tid snakka om at vi måtte ta denne turen, og oppleve deler av dramatiske flukta far og kameratane hans gjorde over fjellet frå Gudbrandsdalen og heim til Otrøya. I sommar fekk vi gjennomført, det blei ein fantastisk tur og eit fint minne, oppsummerer Otto Nygård (65).