Bergmesteren Raudsand om nettstaden «Nei til giftdeponi»:

Reagerer på deponikritikk - vil ha nettside stengd

Harald Storvik i Bergmesteren reagerer kraftig på påstandar om ulovleg tildekking av møllestøvsekkar på Deponi 2.

Deponiområdet 10. juli: Bildet viser nedre del av deponiområdet. Berre ein liten del av møllestøvsekkane er no synleg.   Foto: neitilgiftdeponi.com

Nyheter

På nettsida til Nei til giftdeponi som målber motstand mot deponi på Bergmesteren Raudsand, er det nyleg posta bilde tatt no i juli, og tekst som stiller seg kritisk til aktivitet på Deponi 2. Det vert vist til at møllestøvsekkane som tilhøyrer Bergmesteren Raudsand nesten er fullstendig dekka over, og at arbeidet med deponiet er starta opp utan at Molde kommune har gitt byggeløyve.