Statssekretær om «kommune-skilsmisse»:

– Ingen knapp for rask revers

Statssekretær Heidi Nakken seier at skilsmisse for samanslåtte kommunar vil kreve grundig prosess, og godkjenning av regjeringa.

Statssekretær Heidi Karin Nakken   Foto: Torbjørn Tandberg/KMD

Nyheter

– Samanslåing og eventuelle oppdelingar er regulert av inndelingslova, og det er nok ingen direkte revers-knapp når det gjeld å splitte kommunar som har slått seg saman. Det seier Heidi Nakken (H), statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet frå Vestnes, på spørsmål om kor aktuelt det faktisk kan vere med skilsmisse etter kommunesamanslåing.