To nye pasientar med koronasmitte innlagd på sjukehus

To personar frå eit russisk fiskefartøy er innlagd på sjukehuset i Ålesund med koronasmitte.
Nyheter

Ålesund kommune fekk melding om to sjuke personar om bord i eit russisk fiskefartøy torsdag 25/6 på kveldstid. Fartøyet anmoda hamnemyndigheter og helsemyndigheter om at dei sjuke fekk komme i land for medisinsk avklaring og hjelp med tanke på mulig smitte av koronavirus. Denne anmodninga vart imøtekome, melder Helse Møre og Romsdal.

Dei to vart lagt inn på sjukehuset i Ålesund fredag. Ein fekk påvist koronasmitte fredag 26. juni og ein fekk påvist smitte laurdag 27. juni.

- Nødvendige smitteverntiltak og prosedyrer vart følgt ved innlegging. Pasientane ligg innlagd ved kohorteininga og tilstanden til pasientane er etter forholda god. Verken tilsette, eller andre pasientar ved Ålesund sjukehus har vore eksponert for smitte frå dei koronasmitta pasientane, seier smittevernoverlege Jørn Åge Longva.

Fartøyet forlot Ålesund like etter og befinn seg no i internasjonalt farvatn. Ålesund kommune og Ålesund havnevesen har meldt dette vidare til Folkehelseinstituttet og nasjonale sjøfartsmyndigheiter.