Startar på tunnelen frå Harøya ved midtsommar

Rett over helga startar tunneldrivinga frå Harøya. Dermed er arbeidet på alle delene av Nordøyvegen i gang.

Klar til start: Om kort tid startar Skanska tunneldrivinga på Nordøyvegen frå Harøy-sida. Her står boreriggen klar ved påhogget på Myklebust laurdag.   Foto: Oddbjørn Harnes

Nyheter

Harøya: – Arbeidet på tunnelen mellom Harøya og Fjørtofta er godt i gang frå fjørtoftsida. Vi har kome over halvvegs til Harøya og er på veg oppover att frå lågaste punktet på 118 meter. På harøysida skal vi drive 600-700 meter, akkurat så mykje som trengst for å få nok stein til vegen som skal byggast. Den går frå tunnelopningen i retning Røsok, og skal koplast til eksisterande veg ved den gamle riksgrensa, fortel prosjektleiar Marianne Nærø til Romsdals Budstikke.