Har stått i do-kø i 15 år

– Dette er ei skam. No må noko skje snart, seier Arne Sandnes, grunneigar og tidlegare ordførar i Norddal. Han er lei av å mase om å få på plass eit do ved Slettvikane, på vegen mellom Valldal og Trollstigen.

Etterlyser do:Frå venstre Karl André Birkhol, Einar Haram, Arne Sandnes, Fridjon Døving og Viktor Valdal.   Foto: TERJE ENGÅS

Nyheter

(Smp) I årevis har grunneigarar og kommune arbeidd for å få på plass eit do her ved rasteplassen. Dei har vist til at det ligg strødd med avføring og dopapir over alt, også like ved elva Valldøla, som er kjelde til vatningsanlegg for fleire av jordbærbøndene i Valldal.