Grev fram krigshistorie i Løvika på dugnad

Får Løvik Kystforts Venneforening det som dei vil, kan du til hausten kombinere tur i vakker kystnatur på Gossen med spennande rundturar i tyskarane sitt intrikate forsvarsverk på Kleivhaugen og Purkeneset.

Covid-dugnad: Så snart det vart lov for styresmaktene, tok dugnadsarbeidet med bunkersane i Løvika til. Vi kan ikkje vere så mange og må difor kalle inn dei som kan bruke utstyret vi treng, forklarer formann i Løvik kystforts venneforrening, Frode Bjerkan.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

AUKRA: Før blekket var tørt på stiftingspapira i desember 2019, så var dugnadsgjengen i Løvik Kystforts venneforening i gang med å grave fram krigshistorie frå 2. verdskrigen på Gossen. Planane for korleis ein skulle få bunkersar og skytestillingar, togspor og kaianlegg i Løvika på nordsida av Gossen fram i dagen starta umiddelbart, mellom anna inspirert av arbeidet som har vore gjort på Tueneset ved Atlanterhavsparken i Ålesund. Der driv ein i dag med omvisingar, foredrag, gaida turar og utstillingar – eit svært populært besøksmål for liten og stor.