Vemodig farvel med Vågstranda skule, no stenger dørene for godt

Siste skuledag på Vågstranda

Vågstranda har hatt fastskule sidan 1863. No er det slutt, torsdag er siste skuledag på Vågstranda skule.

Siste Elevkull på Vågstranda skule: Frå hausten skal desse barna gå på skule i Vestnes, Vågstranda skule er historie.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

VÅGSTRANDA: – Det er vemodig. Dette har vore ein god skule og ein triveleg arbeidsplass, seier lærar Mariann Reistad, som har jobba på skulen sidan 1995. Ho blir ikkje med på flyttinga til Vestnes, men går til ny jobb på skulen i Innfjorden.