Åtte lensmannskontor gjenopnar i Møre og Romsdal

Lensmannskontora i Vestnes og Rauma opnar igjen

Åtte lensmannskontor i Møre og Romsdal vil gjenopne publikumsmottaket i løpet av denne veka, etter å ha vore stengde for publikum sidan 13. mars.

Illustrasjonsfoto  Foto: Gorm Kallestad

Nyheter
  • Det er fylgande kontor som nå er klare til å sleppe inn publikum med eit sterkt fokus på smitteverntiltaka:

Ulstein og Hareid, Sykkylven, Haram, Vestnes, Rauma, Tingvoll, Smøla og Aure. Det opplyser Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

Nokre av kontora har reduserte opningtider medan andre er tilbake med dei ekspedisjonstidene dei hadde før pandemien stengde ned samfunnet.

Dei tre politistasjonene i politidistriktet saman med lensmannskontora i Ørsta og Volda, Surnadal og Sunndalsøra har vore opne for publikum nokre veker allereie, heiter det i pressemeldinga.