Suksess for anleis 17.mai-feiring på Gossen

Med omreisande korps, 17.mai-talar på film og lang bilkortesje blei det topp stemning når nasjonaldagen i år måtte feirast litt utanom det vanlege på gass-øya.
Nyheter

Den 33 bilar lange kortesjen skapte god stemning i ein litt anleis kvardag, då dei passerte grend etter grend på Gossen på nasjonaldagen. Leia av blide brannkonstablar i Aukra Brann og Redning blei festkledde gossingar med flagg og hurra-rop møtt av blinkande lys og tuting frå bilhorn.