Ein slik korps-video har du neppe sett før! Sjå 17.mai-hyllesten frå Vestnes-korpset

Kva får du når du slår saman eit korps, ein operasongar, ei gruppe sjetteklassingar og ein gammal Rage Against The Machine-låt? Svaret er ein heilt spesiell 17. mai-video.

Vestnes, Daugstad og Vike skolekorps har laget en litt annerledes korpsvideo i anledning en litt annerledes 17.mai! Videoen gjengis med tillatelse. Video: Vestnes, Daugstad og Vike skolekorps

Nyheter

(Smp) – Eg fekk ideen i fjor haust, fortel Stijn Berbé.

Han er opphavleg frå Belgia, men har dei siste ti åra dirigert Vestnes, Daugstad og Vike skulekorps.

Dei har hatt sine sprell tidlegare også, men denne gongen har dei slått ekstra hardt på stortromma – bokstavleg tala.

– I fjor haust tenkte eg det var på tide å gjere noko meir ut av 17. mai-feiringa. Det hadde vore artig med eit samarbeid mellom skulekorpset og sjetteklassingane ved Helland skule, seier Berbé.

Rappar: Operasongar Beate Mordal bidreg i videoen.   Foto: SKJERMDUMP

Profesjonelt laga

Så kom koronakrisa.

Då dukka det opp ei moglegheit for korpsa til å søke om ekstramidlar.

Ifølgje Berbé er det snakk om eit femsifra beløp – og desse pengane har altså gått med til denne heilt spesielle musikkvideoen.

– Det er profesjonelle folk som bidreg både med lyd og video. Dessutan bidreg den profesjonelle operasongaren Beate Mordal frå Molde med ein rap, seier Stijn Berbé.

Wake up

Den nesten sju minutt lange songen med tilhøyrande video er basert på Rage Against The Machine-låten «Wake up» frå 1992.

Elles er songen krydra både med rap og forskjellige snuttar frå «Ja, vi elsker» og andre songar det er vanleg å framføre på 17. mai i Norge.

Og mykje anna artig.


Slik ble nasjonaldagen feiret i Vestnes:

Rekordlangt 17.mai-tog - med traktorer

– Sjelden eller aldri har det vært så lang 17.mai-tog på Øverås, smiler Søren Johan Øverås. Sammen med 15 andre traktorførere laget han et annerledes tog på nasjonaldagen.


Enkelte av dei 17 medlemmane i Vestnes, Daugstad og Vike skulekorps bidreg også på instrument ein vanlegvis ikkje forbind med korps, som elgitar.

Elevar:Sjetteklassingar ved Helland skule er sterke bidragsytarar i videoen. FOTO: SKJERMDUMP 

Positive tilbakemeldingar

Grunna korona-restriksjonar og dårleg ver var det utfordrande å få spelt inn musikkvideoen då det skulle gjerast for eit par veker sidan.

Men dei kom i hamn.

Resultatet kan lesarane vurdere sjølve (videoen ligg øvst i saka).

Det er i alle fall ingen tvil om at Stijn Berbé er godt nøgd sjølv – og at mange andre er det.

– Eg har berre fått positive tilbakemeldingar, alt frå folk som synest dette var tøft til folk som skriv eg er gal, flirer dirigent Berbé.

Han ser ikkje vekk frå at han prøver seg på liknande stunt seinare.