Molde kommunestyre med vedtak:

Slik skal saker om Raudsand avgjerast i Molde kommune

Fleirtalet i kommunestyret vil ta bort delegering i saker som gjeld Raudsand, og la kommunestyret avgjere. Ikkje alle var eining.

Raudsand: Kommunestyret i Molde har vedtatt at alle saker som gjeld reguleringsplan for Raudsand, skal behandast av kommunestyret. Bildet er tatt tidlegare.  Foto: Oivind Leren

Nyheter

Eit fleirtal i kommunestyret vedtok torsdag ettermiddag kommunedirektørens tilråding, i saka om saksbehandlingsprosess for etablering av deponi for farleg avfall på Raudsand. Kommunedirektøren rådde kommunestyret til at alle saker, inkludert høyringar i samband med etablering av verksemd i samsvar med godkjend reguleringsplan Bergmesteren Raudsand, blir lagt fram til behandling i kommunestyret.