Skipsverft i Vestnes:

Går mot straumen - lyser ut stillingar

Skipsverftet Aas Mek. Verksted AS i Vestnes har så mykje å gjere at dei treng meir folk.

Aas Mek. Verksted på Vestnes har levert den nye brønnbåten «Marsali» til det skotske rederiet Migdale Transport.  Foto: Aas Mek. Verksted

Nyheter

(Smp) – Vi har fulle ordrebøker til ut 2023. Og det må seiast å vere bra i desse tider, så no ønsker vi å auke den faste staben, forklarer administrasjonsleiar Bjørn Magne Aas.