Vigdis Ødegård, leiaren i 17. mai komiteen på Vestnes

– Blir ein 17. mai folk vil huske

Snø og kulde, ingen tog. Ramma rundt 17.-mai feiringa også i Vestnes er snudd opp ned på grunn av korona-epidemien.

Forventningar til nasjonaldagen: Elevar i 3. klasse ved Tomrefjord skule på tur med sjølvlaga flagg. Her tar dei seg ein pause i snøen før dei marsjerer vidare. Foto: Olav Skjegstad 

Nyheter

VESTNES: – Det blir ingen folkefest, ingen tog, ingen tradisjonelle leikar ved skulen. Men det er lagt opp til ei rekke aktivitetar tilpassa den situasjonen vi er i. Mange stiller opp, og eg trur dette blir ein 17. mai folk vil huske, seier Vigdis Ødegård, leiar i 17. mai komiteen på Vestnes. Ho skal sjøl delta på båttoget frå Vestnes småbåthamn, trygt plassert i førarbåten.