Fram vil køyre ekstratur om elevar står igjen

Fram melder om få avvik for skolebussar lokalt. No vil selskapet at bussen køyrer tilbake, i tilfelle elevar står igjen.

Utfordring: Med gjeldande smittevernreglar kan det vere utfordrande å få plass til alle elevar.  Foto: Privat

Nyheter

– Det er utfordrande, det er ikkje til å legge skjul på. Likevel meiner vi det har gått ganske bra i Molde-regionen. Det seier Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i busselskapet Fram, drifta av Møre og Romsdal fylkeskommune.