– Båt med historisk verdi

Notbåt tilbake til museet

Ein 30 fot lang notbåt som var bygd i Tresfjord for rundt 90 år sidan er no tilbake i Tresfjord.

På plass: Sigbjørn Akselvoll og Steinar Vestnes hjelper til med å få båten på plass.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

TRESFJORD: Båten er ei gåve frå Reidar Misund til Båtbyggarmuseet i Vestnes. Båten var i si tid brukt på sildefiske, og er den siste generasjon av slike notbåtar utan motor. Båten vart rodd med tre par årar. Båten hadde to spel, eit av desse er merka Brødrene Kjøpstad.