Skorgen Vel får kjøpe Skorgen skule for ei krone

Bygda overtar skulen

I 1958 vart nye Skorgen nye skule innvigd med stort frammøte. 62 år etterpå gir Vestnes kommune skulen til Skorgen Vel for ei krone.

TILBAKE TIL BYGDA: Skorgen Vel får overtar Skorgen skule for ei krone, leiar Per Villa er glad for at dette blir eit samlingspunkt for bygdefolket også i framtida.   Foto: Olav Skjegstad

Nyheter

TRESFJORD: Skorgen-krinsen hadde lenge eigen barneskule. Dei første tiåra var det 1.–7. skule. Skorgen skule vart lagt ned i 2003. Dei siste åra før nedlegginga var det skule for dei fire første årskulla. Deretter vart alle elevane overført til Tresfjord skule. Skorgen skule vart så brukt til barnehage mange år, den siste tida har den stått tom.