– Må eg kjøpe meg smarttelefon for å ta bussen?

– Eg får ikkje betale med kontantar og eg kan ikkje bruke Fram-kortet mitt. Må eg verkeleg kjøpe meg smarttelefon for å kunne ta bussen? spør pensjonist Solfrid Johansen på Gossen.

Klar til avgang Solfrid Johansen sende betalingsmelding for turen før ho gjekk på bussen. – Eg la til tre kroner på forrige tur og betalte 27 kroner, i staden for 24. Så er eg på den sikre sida, ler den spreke pensjonisten.  Foto: Gunn E. Aarønes

Nyheter

AUKRA: Pensjonist Solfrid Johansen (67) på Gossen fortviler. Ho er avhengig av buss for å komme seg rundt, men no får ho ikkje bruke det førehandsbetalte Fram-kortet sitt og ho får heller ikkje betale med kontantar.